VEDTEKTER FOR HALNE SAMEIGE
§ 1 HALNE SAMEIGE
Halne Sameige (heretter kalla Sameiga) er ein fjelleigedom som forvaltar ca 127.000 dekar eigedom på Hardangervidda i Hol kommune. Sameiga strekkjer seg frå Haugastøl i nord, Krækja og fylkesgrensa i vest, Halne og Hein i sør og Monsbu/Krækjaheie i aust. Store deler av Sameiga ligg i landskapsvernområde.
Sameiga har sitt forretningskontor i Hol kommune i Buskerud. Eigedomen tilhøyrar gardsbruk i Kvisla, Lien, Ustedalen og Skurdalen.
Eigedomen er ikkje særskilt matrikulert, men ligg for det meste i felles skyld med deleigarane sine gardar. Nokre deler er matrikulerte.
Halne Sameige eig følgjande matrikulerte eigedomar:
Alle eigedomane ligg i Hol kommune i Buskerud fylke. Desse eigedomane er i dag ein del av Sameiga og blir drivi saman med denne som ei samla driftseining.
§ 2 ANSVAR
Sameiga er registrert i Brønnøysundregistrene som tingsrettsleg sameige med org.nr. 969 161 508. Sameiga har delt og ubegrensa ansvar i høve til prosentandelen i deleigaroversikta (proratorisk ansvar/forholdsmessig ansvar).
§ 3 FØREMÅL OG ARBEIDSOMRÅDE
Føremålet med Sameiga er at dei som eig ho,kan nytta ho på ein slik måte at eigedomen blir teke vare på og etter kvart forbetra. Utnyttinga skal vera forsvarleg slik at eigedomen skal gje varige inntekter til deleigarane. Sameiga driv med følgjande utleige: hytter, festetomter, jakt, fiskerettar og beite.
§ 4 EIGARSKAP
Eigedomar med del i Sameiga går fram av ein deleigaroversikt. Denne følgjer som vedlegg til vedtektene. Deleigaroversikten skal haldast oppdatert med namn på nye eigarar på eigedomane og skal innehalde gnr/brnr, eigedomsnamn, eigar, løbeltal eller pengeskyld , prosentandel. Del i Sameiga følgjer eigedomen ved overgang til ny eigar. Dersom ein deleigar vil selja eller på annan måte overdra sin del i Sameiga, kan dette berre skje til eigar av gardsbruk i kretsane som nemnt i paragraf 1. Dette gjeld både dei som ligg i felles skyld eller som er særskilt matrikulert.
Alle sal eller overdragingar skal meldast skriftleg til styret. Sal eller overdraging skal godkjennast av styret i Halne Sameige.
Halne Sameige har førerett til å kjøpe delen som skal seljast eller overdragast.
Dettegjeld likevel ikkje dersom:
Dersom Halne Sameige ved styret vil nytta føreretten til å kjøpa del, må skriftleg krav om det setjast fram seinast 8 veker etter at styret har fått melding om sal eller overdraging.
§ 5 ÅRSMØTE
Årsmøtet er øvste styringsorgan i Sameiga og blir halde kvart år innan 15. mars. Årsmøtet blir kalla inn av leiaren. Innkallinga skal skje skriftleg med minst to vekers varsel. Saklista skal stå i innkallinga. Årsmøtet kan ikkje gjera bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i innkallinga. Saker som ein vil ha handsama på årsmøtet, må vera innkomne skriftleg til styret innan 15. januar.
Fullmakt:
Fleirtalsvedtak:
Årsmøtet er vedtaksfør når innkallinga har skjedd på lovleg måte. Årsmøte skal:
Årsmøte kan:
§ 6 EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE
Ekstraordinært årsmøte blir halde når styret eller minst 20 deleigarar krev det.
Det blir innkalla på same måte og med same varsel som fastsett for eit vanleg årsmøte. Saklista skal stå i innkallinga.
Ekstraordinært årsmøte kan ikkje gjera bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i innkallinga.
§ 7 KONTROLLNEMND
Det skal vera ei kontrollnemnd på 2 medlemer med 1 varamedlem, som ikkje samtidig kan vera medlem av styret. Desse blir valde for 2 år, men slik at eit medlem går ut kvart år. Leiar blir valt for eit år, ved særskilt val mellom kontrollnemnda sine medlemer. Varamedlem blir valt kvart år.
Kontrollnemnda er årsmøtet sitt styringsorgan. Kontrollnemnda arbeider etter vedtekne retningsliner.
Kontrollnemnda skal:
Årsmøtet kan leggja serskilte oppdrag på kontrollnemnda, som elles arbeider etter vedteken instruks.
§ 8 VALNEMND
Det skal vera ei valnemnd på 3 medlemer, som ikkje samstundes kan vera medlem av styret. Desse blir valde for 3 år, men slik at eit medlem går ut kvart år.
Leiar blir valt for eit år ved særskilt val mellom valnemnda sine medlemer. Valnemnda arbeider etter vedtekne retningsliner.
§ 9 STYRET
Sameiga blir leia av eit styre på 5 medlemer. Styret er vedtaksført når leiar og minst 2 av styret sine medlemmer er tilstades.
Gyldig vedtak krev at minst 3 av styremedlemene har røysta for framlegget. Styreleiar og eit styremedlem i fellesskap forpliktar sameiga.
Eit samrøystes styre kan gå til kjøp av grunn eller annan nærliggande fast eigedom.
Sal av grunn eller annan fast eigedom må leggjast fram for og vedtakast av årsmøtet.
Styret skal:
Styret kan:
Styreleiar kallar inn til styremøte så ofte det er naudsynt av omsyn til verksemda og når eit styremedlem krev det.
§ 10 VEDTEKTSENDRING
Endringar i desse vedtektene kan berre vedtakast av årsmøtet med 2/3 deler av røystetalet på møtet.
Framlegg til vedtektsendringar skal leggjast fram skriftleg og må vera sendt ut til deleigarane minst 14 dagar før årsmøtet.
Vedteke på årsmøtet 13. mars 2015. Tilbake til, om oss
Halne Sameige
Org.nr.: 969 161 508 MVA
v/ Stein Verpe
Sveinsrud 26
3580 Geilo
Tlf.: +47 922 48 848
© Copyright. All Rights Reserved.