Øvre Trestiklan



Se større kart ved å klikke på kartet.


Ørteren er eit regulert vatn mellom 1147 og 1134 moh. Nedtappinga skjer frå hausten og fram til 1. mars. Med normal nedbør og snøsmelting er vatnet fullt tidleg på sommaren.

Storleiken ved fullt magasin er 10.460 da. Ørteren er inndelt i seks fiskerettar. Den innerste delen av Nedre Trestiklan blir leigd ut i lag med Øvre Trestiklan. Den neste retten er resten av Nedre Trestiklan som grensar til Sjekane. Ørteren 1 er den nordaustre delen, Ørteren 2 den austre delen og Ørteren 3 den sørlege delen.

Øvre Trestiklan ligg nordaust for Nedre Trestiklan. Nedre Trestiklan er lengst nord i Ørteren. Øvre del av Nedre Trestiklan, Øvre Trestiklan, eit lite vatn på sørsida og eit lite vatn i innløpsbekken på austsida følgjer med i denne retten. Adkomst til fiskeretten og hytte er eigen båt på Ørteren eller 1t gange frå Rv7.

Grensa mellom retten i Nedre Trestiklan og Øvre Trestiklan går frå ein varde i vika sør for tangen som stikk ut i Nedre Trestiklan og går vidare i nord-vestleg retning over varde på eit svaberg på tangen og vidare over vatnet mot ein varde i retning mot ein stor stein på ein topp på nord-vestre side av Nedre Trestiklan.

Hytte:

Hytte 27m², samt naust ca 14m².

Leigeperiode:

Neste periode frå 1.1.2014.