Fiskerett 2, Ørteren



Se større kart ved å klikke på kartet.


Ørteren er eit regulert vatn mellom 1147 og 1134 moh. Nedtappinga skjer frå hausten og fram til 1. mars. Med normal nedbør og snøsmelting er vatnet fullt tidleg på sommaren.

Storleiken ved fullt magasin er 10.460 da. Ørteren er inndelt i seks fiskerettar. Den innerste delen av Nedre Trestiklan blir leigd ut i lag med Øvre Trestiklan. Den neste retten er resten av Nedre Trestiklan som grensar til Sjekane. Ørteren 1 er den nordaustre delen, Ørteren 2 den austre delen og Ørteren 3 den sørlege delen.

Fiskerett 2 er austre delen av Ørteren ved Rv7. Eigen båt til fiskebu i vikji på nordvestleg side av fiskeretten.

Fiskeretten Ørteren 2 går etter veglandet frå rett nr 1 til eit fast punkt rett vest for Veanuten, og i rett line mot det største skjæret i sundet mot Sjekane. Derifrå i rett line mot syd på landet, og får med eit areal av Sjekane i ei lengd på om lag 500m. Frå dette punktet rett i nord mot landet på motsatt side.

Hytte:

Enkel fiskebu 15m2.

Leieperiode:

Neste periode frå 1.1.2020.