Nedre Trestiklan, Ørteren



Se større kart ved å klikke på kartet.

Ørteren er eit regulert vatn mellom 1147 og 1134 moh. Nedtappinga skjer frå hausten og fram til 1. mars. Med normal nedbør og snøsmelting er vatnet fullt tidleg på sommaren.

Storleiken ved fullt magasin er 10.460 da. Ørteren er inndelt i seks fiskerettar. Den innerste delen av Nedre Trestiklan blir leigd ut i lag med Øvre Trestiklan. Den neste retten er resten av Nedre Trestiklan som grensar til Sjekane. Ørteren 1 er den nordaustre delen, Ørteren 2 den austre delen og Ørteren 3 den sørlege delen.

Nedre Trestiklan er lengst nordvest i Ørteren. Adkomst til fiskerett og hytte er eigen båt på Ørteren eller 45min gange frå Rv7.

Grensa for fiskeretten tek i sør-aust utgangspunkt i varden ved turstigen (gamal stig) frå Haugastøl, og går derfrå i sørvestleg retning over vatnet til ein varde på tangen som stikk uti vatnet. Dette blir altså grensa mellom denne fiskeretten og fiskeretten Skjekane. Grensa mellom den delen av Nedre Trestiklan og det som høyrer til Øvre Trestiklan, går i søraust ut frå varde i vika sør-aust for tangen som stikk ut i vatnet, og går vidare i nordvestleg retning over varde på eit svaberg, vidare over vatnet mot ein varde i retning mot ein stor stein på nord-vestre side av vatnet. Sjå kart.

Hytte:

Hytte 30m². Båthus 16m².

Leigeperiode:

Neste periode frå 1.1.2014.