Krækjafeltet 1, rypeterreng



Se større kart ved å klikke på kartet,

Attraktivt jaktfelt 14.500 da i vestre delen av Halne Sameige. Rv7 heilt fram til jaktfeltet. Terrenget er kupert med Halnekollen som høgaste punkt på 1358 moh. Terrenget har bestand av både fjell- og lirype. Spennande terreng å jakte i. Heile feltet er over tregrensa.

Mot sør grensar feltet mot Rv7, mot vest fylkesgrensa Buskerud/Hordaland fram til eit punkt rett vest for Krækja Turisthytte. Følgjer så strandlina langs søndre og østre kant av Store Krækja og rett over Svoe, sør for Svonuten. Følgjer så strandlina langs vestre kant av Skjekane/Ørteren fram til riksvegen ved Lægreid.

Utøving av jakta er begrensa til 4 jegerar og 4 hundar.

Leigeperiode:

Neste periode frå 1.1.2020.