Vedtekter

VEDTEKTER FOR HALNE SAMEIGE


  • § 1 HALNE SAMEIGE

 

Halne Sameige (heretter kalla Sameiga) er ein fjelleigedom som forvaltar ca 127.000 dekar eigedom på Hardangervidda i Hol kommune.  Sameiga strekkjer seg frå Haugastøl i nord, Krækja og fylkesgrensa i vest, Halne og Hein i sør og Monsbu/Krækjaheie i aust. Store deler av Sameiga ligg i landskapsvernområde. 

Sameiga har sitt forretningskontor i Hol kommune i Buskerud.

Eigedomen tilhøyrar gardsbruk i Kvisla, Lien, Ustedalen og Skurdalen. 

Eigedomen er ikkje serskilt matrikulert, men ligg for det meste i felles skyld med deleigarane sine gardar. Nokre deler er matrikulerte.

 

Halne Sameige eig følgjande matrikulerte eigedomar:

  1. Ørterdalen, gnr. 73, bnr.1
  2. Ørteren, gnr. 63 bnr. 3
  3. Trestiklevatnet gnr. 72 bnr. 5
  4. Trestikletjørnane gnr. 72 bnr. 5

Alle eigedomane ligg i Hol kommune i Buskerud fylke. 


Desse eigedomane er i dag ein del av Sameiga og blir drivi saman med denne som ei samla driftseining.


 

  • § 2 ANSVAR

 

Sameiga er registrert i Brønnøysundregistrene som tingsrettsleg sameige medorg.nr.  969 161 508.  Sameiga har delt og ubegrensa  ansvar i høve til prosentandelen i deleigaroversikta (proratorisk ansvar/forholdsmessig ansvar).

 

  • § 3 FØREMÅL OG ARBEIDSOMRÅDE

 

Føremålet med Sameiga er at dei som eig ho kan nytta ho på ein slik måte at eigedomen blir teke vare på og etter kvart forbetra. Utnyttinga skal vera forsvarleg slik at eigedomen skal gje varige inntekter til deleigarane. Sameiga driv med følgjande utleige: hytter, festetomter, jakt, fiskerettar og beite.


 

  • § 4 EIGARSKAP

 

Eigedomar med del i Sameiga går fram av ein deleigaroversikt. Denne følgjer som vedlegg til vedtektene.  Deleigaroversikten skal haldast oppdatert med namn på nye eigarar på eigedomane og skal innehalde gnr/brnr, eigedomsnamn, eigar, løbeltal eller pengeskyld , prosentandel. 


Del i Sameiga følgjer eigedomen ved overgang til ny eigar.

Dersom ein deleigar vil selja eller på annan måte overdra sin del i Sameiga, kan dette berre skje til eigar av gardsbruk i kretsane som nemnt i paragraf 1. Dette gjeld både dei som ligg i felles skyld eller som er serskilt matrikulert.


Alle sal eller overdragingar skal meldast skriftleg til styret. Sal eller overdraging skal godkjennast av styret i Halne Sameige.

Halne Sameige har førerett til å kjøpe delen som skal seljast eller overdragast. Dettegjeld likevel ikkje dersom:

 

  1. Delen blir selt eller overdrege saman med gardsbruket som den ligg til.

 

  1. Delen er serskilt matrikulert, men blir selt eller overdrege saman med gardsbruket.

 

  1. Delen blir ført attende til eigedomen som den tidligare er utskilt frå, dersom denne er i drift som gardsbruk.

 

Dersom Halne Sameige ved styret vil nytta føreretten til å kjøpa del, må skriftleg krav om det setjast fram seinast 8 veker etter at styret har fått melding om sal eller overdraging.

 

 

  • § 5 ÅRSMØTE

 

Årsmøtet er øvste styringsorgan i Sameiga og blir halde kvart år innan 15. mars.

Årsmøtet blir kalla inn av leiaren. Innkallinga skal skje skriftleg med minst to vekers varsel. Saklista skal stå i innkallinga.

Årsmøtet kan ikkje gjera bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i innkallinga. Saker som ein vil ha handsama på årsmøtet, må vera innkomne skriftleg til styret innan 15. januar.


Fullmakt

Ein deleigar har rett til å møte ved fullmektig.

Det må då leggjast fram skriftleg og datert fullmakt. Ingen kan møta for meir enn ein deleigar utanom seg sjølv.

 

Fleirtalsvedtak

Alle saker, med unntak av § 10 i vedtektene, blir avgjort med vanleg fleirtal av dei som røystar. På årsmøtet har kvar deleigar ei røyst. Likt røystetal ved val blir avgjort med loddtrekning. Ved likt røystetal elles har møteleiaren dobbeltstemme.

Ved skriftleg røysting blir blanke røyster rekna som ikkje avgjevne røyster.


Årsmøtet er vedtaksfør når innkallinga har skjedd på lovleg måte.

           

Årsmøte skal:

  • Velje ordstyrar
  • Velje protokollførar
  • Godkjenne innkalling, sakliste og fullmakter
  • Velje to personar som saman med leiaren skal underskrive protokollen
  • Handsame styret si årsmelding, den reviderte rekneskapen, budsjettframlegg
  • Vedta disponering av rekneskapsresultat og fastsetja utbytte
  • Handsame fagutvala sine årsmeldingar
  • Handsame innkomne saker
  • Velje styremedlemer for 3 år
  • Velje styreleiar og nestleiar for eit år, ved særskilt val mellom styret sine medlemmer
  • Velje 2 varamedlemer til styret for eit år
  • Velje kontrollnemnd og leiar for kontrollnemnda
  • Velje valnemnd og leiar for valnemnda
  • Velje andre nemnder/utval og leiar for desse
  • Velje revisor
  • Fastsetja godtgjeringar

 

Årsmøte kan:

  • Tilsetja forretningsførar, fastsetja løna for denne og vedta instruks for arbeidet
  • Gjera vedtak om generelle retningsliner for drift av sameiga
  • Fastsetja at fiskevatn og småviltjakt kan leigast ut på inntil 10 års kontrakter
  • Fastsetja at det i sume fiskevatn kan seljast fiskekort
  • Fastsetja reglar for alt fiske innanfor ramma for dei fiskereglar som til ei kvar tid gjeld i Hol kommune
  • Delegere myndigheit til styret og fagutval

 

 

  • § 6 EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

 

Ekstraordinært årsmøte blir halde når styret eller minst 20 deleigarar krev det.

Det blir innkalla på same måte og med same varsel som fastsett for eit vanleg årsmøte.


Saklista skal stå i innkallinga.

Ekstraordinært årsmøte kan ikkje gjera bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i innkallinga.

 

 

  • § 7 KONTROLLNEMND

 

Det skal vera ei kontrollnemnd på 2 medlemer  med 1 varamedlem, som ikkje samtidig kan vera medlem av styret. Desse blir valde for 2 år, men slik at eit medlem går ut kvart år. 

Leiar blir valt for eit år, ved særskilt val mellom kontrollnemnda sine medlemer. Varamedlem blir valt kvart år.


Kontrollnemnda er årsmøtet sitt styringsorgan. Kontrollnemnda arbeider etter vedtekne retningsliner. 

 

Kontrollnemnda skal:

  • ha minst eit møte i året
  • innkalle sameigas revisor på møtet der årsmelding og årsrekneskapen blir handsama
  • skal til kvar tid halda seg orientert om verksemda i sameiga
  • føre kontroll med at styret held seg til dei retningsliner som er trekt opp i vedtekter, retningsliner og vedtak

 

Årsmøtet kan leggja serskilte oppdrag på kontrollnemnda, som elles arbeider etter vedteken instruks.

 

 

  • § 8 VALNEMND

 

Det skal vera ei valnemnd på 3 medlemer, som ikkje samstundes kan vera medlem av styret. Desse blir valde for 3 år, men slik at eit medlem går ut kvart år. Leiar blir valt for eit år ved særskilt val mellom valnemnda sine medlemer. Valnemnda arbeider etter vedtekne retningsliner. 

 

 

  • § 9 STYRET

 

Sameiga blir leia av eit styre på 5 medlemer.

Styret er vedtaksført når leiar og minst 2 av styret sine medlemmer er tilstades.

Gyldig vedtak krev at minst 3 av styremedlemene har røysta for framlegget.

 

Styreleiar og eit styremedlem i fellesskap forpliktar sameiga.


Eit samrøystes styre kan gå til kjøp av grunn eller annan nærliggande fast eigedom. Sal av grunn eller annan fast eigedom må leggjast fram for og vedtakast av årsmøtet.

 

 Styret skal:

  • leie sameiga i samsvar med vedtektene
  • følgje dei vedtak som årsmøtet gjer
  • førebu og gjere framlegg i dei saker som skal leggjast fram på årsmøtet
  • avgjera alle saker som ikkje ved lov eller vedtekt er lagt inn under andre organ
  • følgje retningslinene for utleige
  • føre møtebok for styremøta
  • alle som er tilstades i styremøte skal underskrive møteboka

 

Styret kan:

  • gje prokura
  • gjera vedtak om bortleige av tomter
  • engasjere ekstern rekneskapsførar

 

Styreleiar kallar inn til styremøte så ofte det er naudsynt av omsyn til verksemda og når eit styremedlem krev det.

 

 

  • § 10 VEDTEKTSENDRING

 

Endringar i desse vedtektene kan berre vedtakast av årsmøtet med 2/3 deler av røystetalet på møtet.

Framlegg til vedtektsendringar skal leggjast fram skriftleg og må vera sendt ut til deleigarane minst 14 dagar før årsmøtet.

 


Vedteke på årsmøtet 13. mars 2015.

 

 

Tilbake til, om oss


Halne Sameige
Org.nr.: 969 161 508 MVA


v/ Lars Hamarsbøen

Kvislavegen 25

3580 Geilo


post@halnesameige.no

Tlf.: +47 412 06 325



© Copyright. All Rights Reserved.